Forlaget skriver om denne boka:
Fjordhesten er ein norsk hest, truleg nedstamma frå villhesteh i istida og seinare reinala ipakt med norsk natur. Det er den eldste tamhestrasen i verda. Han har i perioder vore framstilt som eit nasjonalsymbol: seig, stødig, nøysam og arbeidsglad, med ei særleg evne til å meistre harde livsvilkår.
Men framfor alt er fjordhesten menneskevennen. Han har eit eineståaridegodt lynne, han elskar å samarbeide med menneske. Den moderne fjordhesten er dessutan eit vakkert og elegant dyr. Ikkje rart at han storm ar fram som den store favoritten for mange hestegalne som vil ha eit dyr å ri på, vere kamerat med, kose med. Og det gjeld ikkje berre i vårt land - fjordhesten er i dag utbreidd på alle kontinent.
«Fjordhesten - menneskevennen» et den første boka som gir eit fullstendig portrett av dette særnorske sjarmtrollet: opphavet og historia, særpreget, korleis han har vore brukt opp gjennom hundreåra. Ikkje minst møter vi fjordhesten i dag - på ridesentret, i skyssteneste, i gardsdrifta, på terapisenteret og på hingsteutstilling. Ridegalne ungdommar, økologiske bønder, hestehandlarar og hingstealarar - og herleg norsk natur.