Forlaget skriv om denne boka: Den 6. september 2004 er det 100 år sidan Per Sivle døydde, og Selja Forlag markerer dagen med utgjeving av ein av Sivle sine beste og mest kjende tekstar, "Berre ein hund". Forteljinga kjem i ny utgåve for born, litt innkorta og omskriven av Jens Brekke. Boka inneheld også barneforteljinga "Han Per", der Jens Brekke følgjer Sivle frå barndomen i Aurland og på Vossestrand og fram til vaksen alder.
"Berre ein hund" vart første gong trykt i "Sogor", 1887, og er ei gripande forteljing om venskapen mellom guten Per og hunden Hall. "Berre ein hund" er ei av dei mest omtykte barneforteljingane i norsk bokheim," skriv Bjarte Birkeland i biografien sin om Sivle.
Kunstnaren Anette Eriksson Linander har laga 18 nye akvarellar til boka som illustrerer både "Berre ein hund" og barneforteljinga "Han Per".
Jens Brekke (f.1951), frå Vik i Sogn. Lærar og kulturarbeidar. Leiar for Sivle-laget.
Anette Eriksson Linander (f.1954), svensk illustratør og kunsthandverkar. Har budd på Vestlandet i fleire bolkar, og hatt utstillingar i Stockholm og Vik i Sogn.