Forlaget skriver om denne boka:
«Den rette vegen til elskhug, anten ein går han sjølv eller blir ført, er denne: ein går ut frå desse vakre ting og stig så heile tida oppetter, liksom i ein stige, for å nå det vakre; ein stig frå den eine til to, og frå to til dei alle; frå vakre kroppar til vakre verksemder, frå verksemder til vakre kunnskapar, og så til sist frå kunnskap ar til den eine kunnskapen som ikkje er noko anna enn kunnskapen om det vakre i og for seg, og slik at ein endeleg får kjennskap til kva sjølve det vakre er.»
Desse orda til Diotima, ho som underviste Sokrates i kjærleik, er eit høgdepunkt i dialogen «Gjestebodet» eller «Drikkelaget», Platons kunstnarlege meisterverk. Ei gruppe menn sit ved drikkebordet og held kvar sin tale for guden Eros. Sokrates fortel korleis Diotima synte han kjærleiksstigen - korleis mennesket steg for steg kan utvikle høgare former for kjærleik. Det siste steget er kjærleiken til visdomen, tilosotia. For atenarane i samtida var denne høgaste kjærleiken personifisert i Sokrates sjølv.
Dosent dr. philos. Anfinn Stigen står for nye utgåver av ei rekkje Platon-dialogar. «Gorgias» er utgitt, og samtidig med «Gjestebodet» kjem «Sokrates' forsvarstale». Sidan følgjer «Kriton» og «Faidon».