Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
"5.0
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
Utgitt:
2021 . - Bok . - 153 sider
Nynorsk
Sjanger:
Opplysninger:
Boka inneheld åtte forteljingar om fattigdom blant barn. Erfaringane til fattige familiar kjem sjeldan fram i lyset. Korleis er det å vere fattig i eit av verdas rikaste land? Å ikkje ha råd til å gi barna det dei treng? I boka møter vi åleineforeldre og folk med innvandrarbakgrunn. Barna deira er overrepresenterte blant dei 111 000 barna som veks opp under fattigdomsgrensa i Noreg. Desse barna er meir utsette for både fysiske og psykiske sjukdommar. I boka blir vi kjent med Andrea som ikkje får sove fordi ho er redd mora skal døy. Elias som har ein pappa som kjeftar på dei som sel dop utanfor blokka, og vi møter Georg som vil rømme heimanfrå. Frå 2001 til 2020 er talet på fattige barn meir enn tredobla. Forteljingane til fattige familiar manglar når politikarane igjen kuttar i trygda, i eit samfunn som er bygd rundt det at alle skal ha råd til å eige ein bustad. Maria Lavik gir desse familiane ei stemme. Lavik er tilsett som journalist i Vårt Land. Omtalen er utarbeidd av BS .
Hylleplass:
362.7756 LAV
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse

NrAvdelingBindPlasseringNoteStatusHylle
1Sølvberget, 3. etasje FagbøkerPå hylla 362.7756 LAV
2Sølvberget, 1. etasje Forstå verdenPå hylla 362.7756 LAV
3Sølvberget, Magasin U2 FagbøkerPå hylla 362.7756 LAV
4Madla bibliotek, Voksenavdelingen FagbøkerPå hylla 362.7756 LAV
5Rennesøy bibliotek FagbøkerPå hylla 362.7756 LAV
6Finnøy bibliotek FagbøkerPå hylla 362.7756 LAV
FATTIG I VERDAS RIKASTE LAND

Andrea ligg vaken om natta og er redd for at mamma skal døy. Elias ser pappa kjefta på dopseljarane som heng utanfor blokka. Georg vil rømma heimanfrå.

Andrea, Elias og Georg har ein ting til felles: Dei er blant dei over 115 000 barna som veks opp under fattigdomsgrensa i Noreg. To til tre barn i ein vanleg skuleklasse er fattige. Sidan 2001 har prosentdelen fattige barn blitt meir enn tredobla.

I denne boka blir du kjent med åtte familiar. Barna i desse familiane startar ikkje på same startstreken som andre barn. Dei startar langt bak. Dei bur trongare og i dårlegare husvære, dei har dårlegare helse og færre vener. Foreldra kjempar ein dagleg kamp for at barna skal kjenna seg normale, verdifulle og trygge. Erfaringane til desse familiane er ofte usynlege. Dette er historiene deira.

Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Vi, dei fattige : åtte fortelji
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom