Dette er ein faktabok om sushi. Her kan ein mellom anna få lese om wasabiplanten som veks i Japan, og korleis ein sushikokk i Japan må gå på skule i sju år. Boka har morosame og uventa fakta om sushi, og for kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Faktaboka er ein del av lettlesserien Leseland, rekna for barn som lærer å lese. Lettlesen for småskole-/mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 6-9 år
. - Lettlesen
Visste du at wasabi er ein plante som veks i Japan?
Og visste du at ein sushikokk i Japan må gå på skule i sju år? I denne faktaboka kan ein lese morosame og overraskande fakta om sushi. På kvart oppslag er det ei ny spørjesetning. Boka er rikt illustrert med teikningar av Anna R. Folkestad.
Visste du at ...? SUSHI er ein del av Samlagets lettlesserie Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.