Med 'Innanfor margane' inviterer Elena Ferrante lesaren til å se inn i skriveprosessen og tankearbeidet som ligg bak bøkene i Napoli-kvartetten og 'Dei vaksnes løgnaktige liv'. Korleis er det å skrive for andre sitt blikk? Ferrante fortel om korleis forfattarskapet har utvikla seg, og mogelegheitene som romanensjangeren åpnar for. I essaya inspirerer Ferrante til lesing gjennom sine tankar rundt bøkene til forfattarar som Virginia Wolf, Ingeborg Bachmann og Samuel Beckett. Omtalen er utarbeidd av BS.
ELENA FERRANTE ER EIN AV 2000-talets mest lesne og kritikarroste forfattarar. I si nye essaysamling fortel ho meir om kva som ligg bak skrivinga av Napoli-kvartetten og Dei vaksnes løgnaktige liv, dei ulike tekstlaga i romanane, og korleis dei inneber eit skifte frå tidlegare i forfattarskapen hennar. Eit skifte som handlar om å skrive for andres blikk, som ikkje minst gjeld for dei skrivande karakterane hennar. Ho skriv om korleis ho utforskar moglegheitene i romanforma - alltid innanfor margane - og ho skriv om Dante og Beatrice, og om bøkene til kanoniske forfattarar som Virginia Woolf, Ingeborg Bachmann, Samuel Beckett og Gertrude Stein, og gir lesaren lyst til å lese. Med Innanfor margane stadfestar Ferrante sin posisjon som ein reflektert og litterær tenkar.