Einar Førde (1943-2004) var ein av dei mest fargerike og skarpskodde politikarane i Noreg etter krigen. Som politikar, minister og kringkastingssjef var han med og endra det norske samfunnet. Førde var frykta for dei bitande replikkane sine og elska for humoren han tok med seg overalt.
I denne boka får vi eit levande innblikk i livet hans, frå dei første provokasjonane han sende ut frå barnevogna i Høyanger. Vi følgjer den politiske karrieren hans og vegen nesten heilt til topps i Arbeidarpartiet. Boka kastar nytt lys over mellom anna forholdet til Gro Harlem Brundtland og over Treholt-saka. På 1990-talet var Førde ein uortodoks og framsynt kringkastingssjef, som med stor styrke tok NRK inn i ein ny æra.
Denne biografien er skriven i Førdes ånd, full av vittige anekdotar og skarpe analysar.