Uhygga breier seg i den vesle grenda Dalen i Manås. Einkvan snik seg rundt om nettene og set fyr på hus. Ingen veit kven det er, men folk kviskrar og gissar. Ein av dei mistenkte er 10-klassingen Roy. Han bryr seg ikkje særlge om folkesnakket er heller kry av det. Roy har lært seg korleis eit ekte mannfolk skal vera og set si ære i å leva opp til det dårlege ryktet sitt. Men i juleferien viser det seg at ting er begynt å hende med Roy. Han greier ikkje å sjå opp til faren som før. Ufrivillig ser han mora i eit nytt lys. Og så denne fordervelege vikaren Mette, som preikar likestilling og slikt. Berre tull sjølvsagt, men Roy kan ikkje hindra tvilen i å smyga seg inn. Det brenn i Dalen, og det er ikkje berre gamle utløer og tomme hus som tek fyr. Gamle tørre tankar og meiningar begynner så svi i kantane.