Forlaget skriv om denne boka: Oldemor er 80, 90 eller 100 år, det er ikkje så godt å seie. Men ho er ei svært uvanleg oldemor. Du som ikkje har lese om henne før, skal vite at han som fortel er oldebarnet Eide Plipp, og at søster hans kallar seg Håkon Jarl fordi foreldra ikkje har funne namn til ho enno. Eide Pilpp synest dei er heldige som har ei så sprek og spenstig oldemor i huset. Men foreldra deira synest ikkje det same, rett som det prøver dei å bli kvitt henne.
Her kan du mellom anna lese om når oldemor reiser på turne med Jahn Teigen, og om korleis ho planlegg å rane banken for å skaffe pengar til å gå på varulvkurs. Ho reiser ut i verda for å fakke ein skurk som har rana henne. Det heile endar med at ho giftar seg med han! Korleis gjekk det til? Les alt om Oldemor i denne nyutgivinga av dei fire kultbøkene som har vore stterspurde så lenge.