Dei sår som livet gav, er mange, og dei leitar på. Men hugen er ikkje skapt til å vera sorgfull jamt. Arbeida seg ut av mørkret, steg for steg. Høyre livet til. Jenta med tiøringen i lomma. Me hev fylgd henne gjenom Solbogarogisnåler. Fylgjer henne vidare gjenom Deisårsomlivetgav - til grensa.
Attende til solsumrane i Skorvefjøll. Til andre vidder og soldagar. Dagar då alt er rett. Ungdom i vokster fær ein stor plass. Trettenåringane, so unge, so redde, so nakne. Ingen må trø på noko så veikt. Lata dei få mognast i fred. Det er i gryet dagen skal gro. Tri bøker måtte til for å seia dette.
Hopp og sprang. Nytt møte med ungdomsskulen, sett frå ein annan kant. Fann dei beste her au. Ungdom som framleis ser skilnad på stjerner og reklame. Attende til Anåskosi, heimen under nuten. Det var her det grodde. Og dyri vil vera med, no som før. Møte med nye bygdelag, nye bakkar. Slik skal det vera. Bakkane høyrer til, styrkjer knei.
Aslaug Høydal fekk i 1982 Heidersgåva av Gjelsvik-fondet for beste nynorske bok når det gjeld innhold, stil og reint mål. Ho fekk prisen for boka Solbogarogisnåler.