Solbogar og isnåler er sjølvstendig framhald av
Med ti øre i lomma. Me fylgjer ungjenta framover. Bli noko. Det hadde legje under som eit heitt ynske.Industriskulen i Oslo fyrst. Men ubrukeleg som handarbeidslærar. Noko ho fann ut etter tvo år på folkehøgskular. Sea kom dei mange vandreåri, som vikar i barneskulen. Stadig nye bygdelag og nye born. Me fylgjer henne til Lårdal, Høydalsmo, Grungedal, Oppdal og Orkdal. Og borni er heile tidi dei berande.
Men skulane krev meir utdaning. So kjem vinteren på Lade, Lærarhøgskulen. Nye kjelder å drikke av. Nye strenger å spela på. Nye skuleår. Lærarskulen i Elverum no, som slutten på den bakvende utdaningi. Men for Aslaug Høydal var det rett slik. Lika seg på lærarskulen au. Fann sin eigen stil. Og her i tvostegrommet på folkehøgskulen vart Sevje til. Den fyrste romanen. Imellom sprang og hopp attende til barndomen og ungdomsåri i Langlim. Lokke buferd etter Sælidliane, høyrer med. Sandbutidi i Nord-Fron vart eit nytt møte med ein glad skule. Etter ti år bar det heim att til Telemark. Samleskule no, som løyste so mangt. Dyr last for det fyrste, andre romanen. Sea fleire skulebøker. Kamp mot sentralisering, linedeling og kursplanar. Sigrar og vonbrot. Men ikkje gjeva upp.