Hovudpersonen Annette kjem til Oslo i 1942 fordi far hennar tek til å arbeide for tyskarane. Ho saknar heimbygda, og i 1947 reiser ho frå ektemann og foreldrar attende til den vesle forfalne slektsgarden. Det vert eit vettlaust slit og eit kosthald etter "fattigmanns kokebok", men for Annette er det dette som gjev meining. Ho skjønar at det beste ein kan oppleva er å vera glad i jord og trær og dyr og kvarandre.