Seint på kvelden dukkar Gulcin opp heime hos Kristian. Klissvåt kjem ho, rett ut av regnet. Kven er ho? Kor kjem ho frå, denne jenta med så svarte, triste auge? Og kvifor har ho sprunge i veg med så lite klede? Litt etter litt får Kristian svar. Gulcin fortel om søstrer som søv på hustaka under stjernene, om karavanerøvarar og skjulte skattar. Og om bomberegn over solsvidde fjell. Meir enn han maktar å forstå, får Kristian vite. For korleis kan Gulcin fortelje om seg sjølv utan å nemne andre, utan å ta med både solskin og skugge?