Forlaget skriver om denne boka:
Line, Line! Kor er du? Kom du heim til Gud, slik du sa du skulle? Eg trur eg saknar deg, og har denne vonde kjensla i hjarta og kroppen som seier at ting ikkje er heilt som dei skal vera. Line! Ser du meg her gjennom snøkavet? Har du det godt? Kvifor har du sendt meg tjuefemtusen kroner i ein konvolutt? Kva skal eg eigentleg bruka dei til? Om du har noko med det, ber eg deg om å tenna ei stjerne for meg på himmelen, slik at eg er sikker på at du e r kommen fram og at du ser meg. Vil eg møta deg igjen, Line? Kan eg nokon gong komma der du er? (Men eg visste det var klin umulig å sjå nokon stjernehimmel i denne snøkavete kvelden. Det einaste eg kunne håpa og tru, var at eitt av dei mange kalde snøflaka som fann vegen ned til meg og som smelta så fort på kinnet mitt, kanskje var eit lett kyss frå noen der oppe. Eg måtte gjera noko. Eg var ein ung mann, og unge menn skulle reisa ut i verda, Det hadde eg sett på film.)