Forlaget skriver om denne boka:
-Du går berre rundt og er molefonken. Finn deg ei eller anna alminnelig, sympatisk jente som luktar godt og har litt sans for humor - smekk så kan de berre gifta dykk og vera lykkelege resten av levetida, seier Tonje. Ho er ei søster som stadig har for mange gode råd til overs... Trur eg så ikkje på kjærleiken? Tja. For eigen del treng eg eit teiken, noko som får meg til å tru at eg skal satsa på dette eine mennesket fremfor alle andre; Livet må stoppa opp, eller i det minste gå i sakte kino når ho er til stades. Eg treng eit under i livet mitt. Eg treng ei som trur på englar. Og det anar meg at eg ein gong kanskje muligens trefte henne.