Det er så tidleg på morgonen at dei berre ser skuggen av han som hastig fylgjer dei gjennom hagen til porten. På avstand ser dei to enno uskuldige ut, svært unge, framleis vakre kroppar, yskapte. Men det er dette melankolske i ansikta deira. Ved porten til hagen stansar skuggen av gartnaren. Han har hendene bak på ryggen. Han har ein fot i mørkret. Han har dett eine å kviskra: Svaret er ordet for sju gonger sytti. Gåta vil de finna sjølve. Nøyaktig i det portane slår att, startar tida.