Dette er ein annleis Heggland-roman, om kjærleiken til Gud og menneske, som forherdar og forblindar, som splittar og skapar fiendar, men som òg forsoner og tilgjev. Det er ein roman om den vanskelege Sanninga, kva ho er, og korleis eit stakkars menneske skal leve i og med ho. Romanen har eit ålment siktepunkt, endå om hendingane er lagde til bygdene Sokn og Bygd. Her møter me lekpreikaren Sikfus Nattvatn, kona Kari Alida og dei fem borna som sentrale personar i romanen.