Forlaget skriver om denne boka: Pode er seks år. Han likar ikkje mat som luktar rart. Far er litt eldre. Han lagar nesten berre mat som Pode ikkje likar. Storebror Pyton et alt, og veslesyster Petra et fuglefrø. Så ein dag dukkar det opp ein mann i gul dress. Han kjem med mystiske beskjedar, og merkelege ting skjer. Det blir snøver midt på sommaren. Etter kvart forstår alle kva dei må gjere for at veret ikkje treng vere dårleg endå om det regnar, og at det faktisk kan bli for mykje sol.