Forlaget skriver om denne boka: Tor Arve Røssland debuterte på Det Norske Samlaget i 1999 med den første forteljinga om Pode, og illustratøren Øyvind Torseter vart tildelt Kulturdepartementets pris for dei frodige teikningane til boka. No gir Samlaget ut ei ny bok der desse to har boltra seg, Pode mister fotfestet. Og denne historia er ikkje mindre saftig enn den førre. Seksåringen Pode er nemleg midt i tannfellinga, og for kvar tann han mister, blir han lettare. Det endar med at han blir borte i himmelen - til stort oppstyr frå foreldre, søsken og kameratar i første klasse. Og så får vi høyre korleis det er der oppe - om møtet med Bernhard den første, direktøren for Himmeltivoliet; om alle barna frå mange land som har mist tennene, og som samlast hos Bernhard; om alt godteriet; og ikkje minst om den skumle Leonard, som dukkar opp når barna minst ventar det.
Boka er primært skriven for aldersgruppa frå fem til ni år, men her er også godbitar for den vaksne lesaren, så her har store og små noko å gle seg til.