Forlaget skriver om denne boka: "Nokre år etter krigen kjem ein breibeint sjømann i stripete dress, med glattkjemt hår, koffert i den eine handa og skipssekk i den andre, inn i resepsjonen på Hotell Limbo Haugesund. Der arbeider det ei kvinne.Tida står stille, lufta dirrar av spenning, det er kjærleik ved første blikk.
Mannen går i land for siste gang og finn seg bokstaveleg talt ei lun hamn i kvinnas heimbygd. Han kjenner seg som ein innvandrar, uglesett og isolert, men samstundes meir heime enn nokon annan stad. Sargasso er ei hylling til kjærleiken, til tida og landsdelen. Atle Hansen (f. 1954) frå Bømlo er forfattar, musikar og journalist og har tidlegare skrive fem barnebøker."