Hovudperson er Stine, 15 år. Far hennes er til sjøs, veslesøstera er død og mora er gravferdssongarinne. Ein dag finn Stine ei lita kule av glas som kjem til å spele ei viktig rolle for henne&
Med lett og varleg hand skildrar Hoel overgangane i eit tenåringssinn -frå barn til ungdom og frå inneslutta einsemd til eit friare sosialt liv. Samtidig er dette ein roman om korleis vanskane i livet blir så mykje verre av for lite pengar.