Det er høgsommar like før jul i millionbyen Nairobi, Kenya. I den rike bydelen Lavington bur Peter. Han er 17 år og tar songtimar. Han vil bli konsertsongar. Han drøymer om å stå aleine på ei scene og sjå publikum juble berre for han. Mot sin vilje blir han likevel med i eit kor. I dei neste dagane vender korsongen opp ned på alt.