Eg har aldri hatt noko spesielt forhold til plenklipping, ikkje før i sommar. Min medfødde pollenallergi gjorde meg ikkje til førstevalet då dei tilsette sommarhjelp. Eg klipte små plenar og store plenar. Men mens eg klipte plenane tenkte eg på Hanne. Eg tenkte på smilet hennar og på håret hennar, men mest tenkte eg på leppene hennar, og korleis det ville vera å kyssa dei. Plutselig skjøna eg alle songane, og då skulle eg ønska at eg aldri hatt møtt ho."