Kor gammal må ein eigentleg vera for å få seg kjæraste? Og korleis veit ein kven ein skal få til kjæraste? Og korleis gjer ein det? Gutten i denne forteljinga er forelska i Maja, sjøl om det jo ikkje går an når ein berre går i andre klasse, seier mamma. Men det går an - det er berre det at det er så vanskeleg når den ein er forelska i, er den minst populære jenta i klassen. Boka er illustrert av Øyvind Torseter.