Forlaget skriver om denne boka:
To unge gutar finn ei ung jente som ligg og flyt i sjøen. Dei kjenner henne att som Brit Eikeland, den vakraste jenta i bygda. Ho som alle gutar og menn fantaserer om, men som ingen torer nærma seg. ho som har vore i utlandet, i London, vert det sagt. Har nokon teke livet av henne? Har ho drukna seg, eller har ho glidd på ein stein og falle uti? Og kvifor har ho ikkje truse på seg?
Atle Hansen har skrive ein oppvekstroman frå slutten av sekstitalet, ei rik forteljing som byr på erotikk, spenning, heimebrygg, kjærleik, bedehus, tungetale og popmusikk.