Ei forteljing om kjærleik, skriven så ho skal vere lett å lese, og med synsvinkelen til ei utviklingshemma ung kvinne. Det handlar om Hanna, som møter og forelskar seg i Hermann.
Dei er begge velfungerande. Kjærleiksforholdet deira blir sterkt og inderleg, men ein alvorleg konflikt melder seg snart: Hermann vil gjerne bli far, medan Hanna blir passa på slik at ho tek p-pillene sine. Det blir etter kvart nødvendig å ta den vanskelege diskusjonen. Ei vakker og spennande bok! Illustrert med teikningar i svart-kvitt av Johanne Marie Hansen-Krone.