Far til Sanna er på sporet av eit viktig legemiddel og tek henne med på ei farleg og strabasiøs reise i eit fjernt og framandt land. Faren kjem på kant med både folk og dyr, ikkje minst den grufulle Dagslukaren, krokodillen som aldri sluttar å vekse.
Faren blir borte, og Sanna må oppspore han. Heldigvis får ho hjelp av Maam, ei mor med hender som hugsar, den unge Guten heilt utan far og Fuglemannen med den magiske fjøra. Når reisa er slutt, har Sanna lært både seg sjølv og faren å kjenne på ein ny måte - samtidig har ho reist frå barndom til ungdom. Lesarane blir rivne med i denne spenningsfylte, fantastiske historia, der Erna Osland igjen viser meisterkloa.