Forfattaren debuterte skjønnlitterært med barnediktsamlinga Dei blå revane i 2003, og gjorde seg fortent til Kultur- og kyrkjedepartementets debutantpris for barnebøker. No er Bringslid ute med ei ny samling underfundige, poengterte og språkleikande dikt.
Dei fortel om tankar og funderingar som både bussar, steinar, lauv og blomar held seg med, og aller mest fortel dei om ulike dyrs personlegdom og filosofi:
Hundetru
Månen ja, seier hunden,
den heng der på himmelen og ventar på ul
Det er difor den er så stille
Det er difor den er så gul