Her kjem ei ny stemme innan barnepoesien, frisk og personleg.
Med forteljande dikt og dikt som er små observasjonar og stemningar, med tøysevers og alvorsvers, rimlause dikt og dikt på rim, ei frodig blanding i ei samling prega av vidd og overskot. Teikningane utdjupar tekstene slik berre Belsvik kan det. Forfattaren har tidlegare gitt ut bøker innanfor sosialantropologi. Dette er hennar første barnebok.