Ei gripande historie om den burleske og folkelege humoristen, den medrivande forteljaren, lyrikaren og pressemannen Per Sivle (1857-1904) - frå den gongen mora freista å ta sitt eige liv med vesle Per i magen, og fram til han sjølv valde å avslutte det heile med revolver på Kristiania Bad.
Denne fyrste fullstendige biografien om det fascinerande og tragiske livet til ein av dei mest folkekjære diktarar, gir samstundes innsyn i den mest særmerkte perioden i nyare norsk historie, om kampen mellom tru og vantru. Til 150-årsjubileet har biografen Alfred Fidjestøl, filosof og journalist, fått fram korleis eit samfunn i ei brytningstid merkte og prega Per Sivle - og korleis Sivle prega det.
Det er òg historia om den uslitelege kjærleiken frå kona Wenche, om veners iherdige forsøk på å hjelpe og gjenreise ein ven. Det er historia om avisredaktøren som skreiv «Berre ein hund», «Vossastubbar», arbeidarromanen Streik, uslitelege songar og dikt som «Den fyrste song», «Tord Foleson», «Svolder» og «Heis os et rødt, et flammende flag». Det er historia om motgang og trass, galgenhumor, håp og svik.