«Frå Asker til Eden» er ein dokumentar om miljøet rundt Arne og Hulda Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik i Asker. Den såkalla Askerkretsen bygde opp landsmålsavisa «Den 17de Mai», Det Norske Teatret og ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon. I tillegg starta dei fleire store omsetjingsprosjekt, mellom anna av Homer og Holberg.
ASKERKRETSEN KRING Hulda og Ame Garborg og Marta og Rasmus Steinsvik på Hvalstad i Asker var ein kulturpolitisk maktfaktor som var med på å endre og påverke korleis Noreg ser ut den dag i dag. Eit lite og skiftande miljø bygde herifrå opp den riksdekkjande landsmålsavisa Den 17de Mai, det alternative nasjonalteateret Det Norske Teatret, ein reetablert folkedans- og bunadstradisjon og sette i verk ei rad større skrive- og omsetjingsprosjekt, frå Holberg til Homer.
Dei arbeidde med å gjere det norske folket meir heime i sitt eige land, samstundes som dei etter opprivande oppvekstar og vaksenliv freista å skape personlege heimar for seg sjølve og familiane sine.
Berre nokre kilometer unna den parallelle Lysakerkretsen, omkring mannsidolet og polfararen Fridtjof Nansen, putla ein sjukleg og hypokondrisk gjeng landsmålspionerar i åkeren og freista å omskape ein konkret hage i Asker til ein Edens hage for det nye Noreg.
Mellom medlemmene i kretsen du møter i denne boka, er Hulda og Ame Garborg, Marta og Rasmus Steinsvik, Karen og Ivar Mortensson, Tilla og Otto Valstad, Kristofer Uppdal, Rasmus Løland, Olav Nygard og Steinar Schjøtt.