Keegan har bursdag. Han er 8 år og når så vidt opp til spegelen på badet. Mest av alt ønskjer Keegan seg eit dyreleksikon, men pappa er veldig glad i fotball og spesielt glad i Liverpool. Endå meir glad er pappa i Kevin Keegan, som han meiner er den beste fotballspelaren nokon gong. Det er derfor Keegan heiter Keegan. Og det er derfor Keegan får endå ei Liverpool-drakt til bursdagen. Men på veg til skulen ser Keegan ei kasse i hagen utanfor huset. Ei gåve til!
Etter dette blir ikkje livet det same. Verken for Keegan, pappa, farmor eller dei store bøllene på skulen.