Bibelen er den mest selde boka i verda. Heilag tekst og litterær triumf, utgangspunkt for to verdsreligionar og ein grunnstein for vestleg litteratur. Mange ser på Bibelen som den viktigaste boka som er skriven, medan andre har eit eksemplar liggande utan nokon gong å opne det. Dette er ein lett tilgjengelig guide til Det gamle og Det nye testamentet. Kva skjedde eigentleg under kampen mellom David og Goliat? Og kva er opphavet til uttrykket «heile sulamitten»? Boka er skriven både for dei som knapt har sett ein bibel, men også for alle som treng å friske opp at kunnskapane sine. Alf Kjetil Walgermo er forfattar og kulturredaktør i Vårt Land. Omtalen er utarbeidd av BS.
Kva skjedde eigentleg under Davids kamp mot Goliat? Kva er opphavet til uttrykket "heile sulamitten"? Og visste du at profeten Daniel blei send i løvehola som følgje av politisk maktkamp?
Bibelen er både verdslitteratur og heilag skrift, den mest utbreidde boka på jordkloden. Bibelen er trusgrunnlaget for over to milliardar kristne og ein grunnstein i den vestlege sivilisasjonen. Også her i Noreg har Bibelen sett eit tydeleg preg på språk, kultur og samfunnsliv. Men veit vi eigentleg kva som står i han?
Alf Kjetil Walgermo, forfattar og kulturredaktør i Vårt Land, har skrive ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til Bibelen. Med stor nysgjerrigheit og pedagogisk kløkt tek han med seg lesaren inni Det gamle og Det nye testamentet. Du kan ikkje alt om Bibelen etter å ha lese denne boka, men du kan mykje meir enn dei fleste.