Anders sit heilt urørleg i skogkanten medan han ventar på at Martin skal komma ut att. Han tykkjer det tek svært lang tid. Kva om det er folk inni huset? Kva om dei har teke Martin til fange? Kva skal han gjera da? Han sjekkar mobiltelefonen sin. Han er utan dekning.
Ein dag då han er ute og snorklar, finn Martin nokre mystiske myntar på sjøbotnen. Tilhøyrer myntane ein skatt frå den gamle hollandske skuta som forliste her for lenge sidan? Eller er det tjuvegods etter innbrotet på eit museum i Stavanger?
Dei fire vennene Martin, Anders, Steinar og Anna får nok å stri med då dei skal oppklare denne gåta, og Martin vågar seg inn i eit hus der han eigentleg ikkje burde ha vore. Skatten i Skutevika er ein spenningsroman for dei frå 10 år.