Forlaget skriver om denne boka:
Thomas A. Clark er frå Skottland og er ein framståande figur i den engelske samtidspoesien. Han er fødd i 1944 i Greenock og bur no i fiskarlandsbyen Pittenweem i Fife. Han debuterte med SomParticulars (The Jargon Society, 1971). Dikta hans står i den klassiske romatiske tradisjonen i engelsk poesi og har modernismen som formelt utgangspunkt. Samtidig er innverknaden frå diktarar knytte til zenbuddhismen openberr i denne forfattarskapen. Djupast sett spring Clarks dikting ut av ei sterk oppleving av vår aktuelle trong til å nærma oss og ta vare på den naturen som er føresetnaden for menneskelivet. Han har òg vore oppteken av å utvida grensene for poesien gjennom installasjoner tilpassa ulike stader som galleri, forskjellige offentlege rom eller i landskapet. Frå 1986 til 2002 dreiv han Cairn Gallery i Nailsworth i Gloucestershire saman med kunstnaren Laurie Clark. Dette var eitt av dei mest respekterte av dei små galleria i samtida, og her blei det vist minimalistisk kunst, konseptkunst og landskapskunst. Thomas A. Clarks utgivingar omfattar elles AstillLife (The Jargon Society, North Carolina 1977), MadderLake (Coach House Press, Toronto, 1981), TheTempersofHazard (saman med Barry MacSweeney og Chris Torrance, Paladin, Kondon 1993), Tormentil & BleachedBones (Polygon, Edinburgh 1993), OneHundredScottishPlaces (October, Eindhoven 1999), Distance & Proximity (Pocketbooks, Edinburgh 2000), ThePathtotheSea (Arc, Todmorden 2005) og mange hefte og kort med dikt frå hans eige forlag Moschatel Press.
Per Olav Kaldestad har gitt ut ei rekkje diktbøker for vaksne og born etter debuten i 1973. Han har òg gitt ut bøker med gjendiktingar av bl.a. D.H. Lawrence, W.H. Auden og William Shakespeare og var medredaktør av Poetiskmodernisme (Samlaget, 1995).