Forlaget skriv om denne boka:
På ein gåtur kan ein når som helst stansa og opna sansane. I denne boka blir me førde gjennom eit landskap med skog og vatn, og dei små stoppa, eller forseinkingane, er det sentrale. Ved kvart stopp set diktaren ord på ei intens oppleving og gjer den minneverdig, i strofer som liknar både haiku og stev: dei er som meisla i luft.