Vårherres urtegard Tusen vårar
Det er tidleg 1800-tal, "dei tider korsikanaran fór som eit uver over land nede i Europa", og sjølv i Sunnhordland merkar ein napoleonskrigane. Eldstesonen på garden Bastaland er utskriven som soldat, og ingen veit om han er i live. Men trass i krigen der ute i Europa, det er i det nære ein lever - i Vårherres urtegard. Her møter vi prosjektmakaren Gitle som let seg freiste av nye tankar og gapar høgare enn det som klokt er, Sara Lisbet som må seie nei til husmannsguten Mikkel - han er slett ikkje god nok for Bastaland-folket. Og Askjell som må velja mellom det hjarta ynskjer og det som tener framtida til garden han skal erva.
Vårherres urtegard er det sjette bandet i serien Tusen vårar, men er ein sjølstendig roman. Her teikner Johannes Heggeland eit vitalt og mangfelt bilete av livet i ei vestlandsbygd i ei omskifteleg tid. Vårherres urtegard er ein roman om livstru og vivsval. Det er ei skildring om ei tid der nytt brytest mot gamalt, ættetradisjon mot fridomslengt og haugianisme mot kyrkjemakt.