Annemarte bur hos mor. Ho er sjeldan hos far. Ein dag ho er sint på mor, rømmer ho likevel til far. Altfor seint oppdagar ho at ho verken kjenner eller liker han. Og det blir ikkje betre når det begynner å skje mystiske ting i huset. Ein morgon finn nemleg Annemarte ein levande orm i ei eske. Kven er det som har gitt Annemarte ei slik skremmande gåve?
"Og eg må vere rask! Du skal få sjå, det skal vere orm her! Det skal bli nett som eg har sagt. Orm! Fleire ormar! Om det er det du vil ha!"