Forlaget skriver om denne boka:
Dette er ei samling korttekstar og noveller om unge jenter, som observerer verda rundt seg og nøler litt med å handle. Men så bestemmer jentene seg for at dei ikkje skal finne seg i alt, heller!
Felles for alle jentene i denne samlinga er at dei brått oppdagar at det er mogleg å endre seg, eller å endre ting rundt seg, og så gjer dei det!
Dette er ei klok, vittig og treffande girl powerbok, som gir eit godt bilde av korleis det er å vere ung jente i dag.