Historie er spennande. Historia om den sunnmørske kulturarven er ekstra spennande. Vi vonar at du som les denne boka, vil vere einig.
Sunnmøringane har vore eit gudfryktig folkeferd. For dei som har henta føda frå havet og levd sine liv under farlege fjell, har det vore trygt å ha ei vaktande og vernande hand å holde i.
Samstundes har dei søkt bokleg lærdom, påverka av ruvande føregangsmenn. Ivar Aasen gav dei eit skriftspråk som låg nært opp til deira eige talemål, og Sivert Aarflot gjorde dei til lesande og kunnskapssøkjande menneske.
Dessutan er dei sjølve kulturberarar. De syng og spelar, diktar og talar, sit i vevstolen og står på scenen, eller dei boltrar seg i atelieret. Og dei er mange.
Det storfelte landskapet har i lange tider trekt turistane til seg, og sjølve dyrkar sunnmøringane friluftslivet både i fjellheimen og på havbåra.
Dei mange minnesmerka vitnar om ei spennande og innhaldsrik historie.
Det er desse emna denne boka handlar om. I fjor kom den første boka om den sunnmørske kulturarven. Her følgjer den andre og siste.