Det var dei somrane som ikkje lokna, men som blei igjen, som smaken av Fanta og lyden av måker og joggesko og skitne fotballar. Men vi hadde dei ikkje lenger for oss sjølv. Det tok oss mange år å finne fram til den vesle hybelen din der vi endelig kunne være aleine igjen. Og no, når vi til slutt har funne den, har indianarane fått sideskil og armanidress, og Turtles har komme i en ny Battle Nexus Edition, og ingen av dei kjenner oss lenger igjen.
I desse 19 novellene fortel Rune F. Hjemås presist og poetisk om menneske som deg og meg, i eit totusentalssamfunn der vi alle kanskje er indianarar, bak solbrillene og armanidressen.