Gjennom korte, presise tekstar fortel Rune F. Hjemås om menneske som ikkje vil vere redde, som prøver å finne seg til rette, men som av og til kjem borti feil knapp når dei vil spole tilbake til tida da verda kunne betraktast på trygg avstand "gjennom ei beskyttande flate av glas."
Tekstane spenner frå realistiske kvardagssituasjonar til absurde fabuleringar, frå notid til fortid, og tilbake til notid igjen. Fast forward, rewind, record. Kassetthjula som snurrar, heile tida.