Forlaget skriv om denne boka:
Stormkyss er ein roman om Selma og kvinnene som omgir henne; Vilde, Ane som flyttar inn i huset deira, mora som bur ei togreise vekk, og bestemora på sjukeheimen. Ein dag blir bestemora alvorleg sjuk, like etterpå forsvinn mora. Selma reiser for å leita etter henne, og medan ho er i det tomme huset hennar, låser ei ukjend kvinne seg inn.
Aanestad viser eit spekter av mekanismer desse kvinnene imellom, eit nett av medvitne og umedvitne val. Det handlar om mødre og døtre, kjærleik og oppbrot, om å dra eller bli verande.