Forlaget skriv om denne boka:
Rolf Randen er utlånt frå lensmannskontoret i Førde
for å patruljere kysten i ein open gummibåt, på jakt etter islamistiske terroristar som trugar nasjonen.
Eit meiningslaust oppdrag, tenkjer han. Under eit dykk i nærleiken av det gamle hurtigruteskipet «Sanct Svithun» som blei bomba utanfor Ervika i 1943 finn Randen ein død mann i sjøen ved ei sandstrand nær Vestkapp. Samstundes forsvinn ei kvinne, og gamle gullmyntar dukkar opp.
Rolf Randen er igjen i sentrum av eit storslått drama som har forgreiningar til Stalins Gulag-leirar, andre verdskrig og den spanske armada - og bak ligg den mektige naturen i Selje og speler med.