Forlaget skriv om denne boka: Fredag kveld 18. oktober 2002 blir ei ferje kapra i Sognefjorden. Fylkesbaatane får krav om å betale dersom ikkje ferja skal bli sprengd. Om bord er ein amerikansk tenestemann som terrororganisasjonar ønskjer å slå kloa i. Dette blir starten på eit dramatisk døgn, både om bord i ferja og i Sogn og Fjordane. Eit kynisk, storpolitisk spel er i gang.