Kulturfond
. - Det unike i det lokale. I eit skur på Kvanndal Kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger - mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen. Novellene i «Hardanger» handlar om å reise bort og om å komme heim, og om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske.
Tre framande deler ei flaske sprit i et skur på Kvanndal Kai ei natt før jul. Ei kvinne sit i bilen med tenåringsdottera si. Ho har bestemt seg for å vise den likegyldige jenta staden ho sjølv kjem frå. Ein mann har fått inn ei bestilling på femti liter sider, men produksjonen går ikkje heilt etter planen. Novellene er forteljingar om heim og tilhøyrsle, og det unike i det lokale. Marit Eikemo har skrive til saman fem romanar, og ho vann Amalie Skram-prisen i 2017. Omtalen er utarbeidd av BS.