VI HAR RUINAR RUNDT OSS på alle kantar, og fleire av dei er ikkje eingong ferdigbygde. Gjennom å oppsøke ulike bygg og anlegg som står til forfalls, freistar Marit Eikemo å seie noko om Norge i dag, og vår nære fortid. Frå toppen av den morkne Skuibakken i Bærum ser ho etter den norske dugnadsånda. På ein overgrodd kyrkjegard for psykiatriske pasientar på Valen, prøver ho å grave fram namna på gravsteinane. Ein søndag etter ein klassefest tar ho seg ulovleg inn i det som ein gong var verdas største karbidsmelteovn på Smelteverket i Odda. Frå Stamsund i nord til den norske solkysten i Spania vitjar ho stader som vekker minne frå oppvekst og liv, men som også ber fram ulike tankar om fellesskap mellom tider og folk.
MARIT EIKEMO har eit temperamentsfyllt blikk for rikdomen i spor og detaljar, og for alle samantreff i livet. Dette er skarpe, vittige og utålmodige essays, men også ei bok om det å leve og elske og miste.