Hopp over navigasjon
    
Søk med mobilen
Omslagsbilde
""
Logg inn øverst til høyre, med nasjonalt lnr for å gi stjernekast
439.82 SØB
109 s.
Kulturfond . - Kva skjer når ein held det nynorske språket opp mot lyset? Nynorsk er eit daglegdags språk, særleg mellom bakkar og berg på Vestlandet. Til liks med andre språk formar det røyndomen. Og omvendt. Men nynorsken kan tenkjast å ha eit særeige vassmerke: eit kvalitetsmerke som vert synleg dersom vi ser føre oss at vi held den nynorske skriftkulturen opp mot lyset. Då vert det klårt som blekk. I denne boka undersøkjer Morten Søberg påstanden om at nynorsken er ein grunnleggande essayistisk skriftkultur, eit skriftspråk tufta på reiser og samtalar, utforskingar og politikk. Den nynorske skriftkulturen innebar ei ny tidsrekning. Han byrja på sett og vis med Ivar Aasens tekst i Morgenbladet 5. januar 1849 - ein samtale mellom to bønder om politikk og statsstyring. I 1894 vedtok Stortinget den fyrste lova på det nye språket: Ho avløyste lokale tider og innførte nasjonal fellestid. I dag er nynorsk etablert som eit norsk mindretalsspråk med nokre bestemte særtrekk. Den nynorske skriftkulturen er ei langvarig påminning om at fleirtalet ikkje alltid har rett, han viser at det finst alternative språklege fakta, røynsler og tankar. Det er noko kjettersk ved nynorsken. Ein kan seie at grunndraga ved språket samsvarer med sjangerkrava til essayet. Ja, at djupast sett er den nynorske skriftkulturen eit spegelbilete av sakprosasjangeren essay. Det bør òg vera ein del av det nynorske sjølvbiletet. Med andre ord: stadig nye forsøk, heile tida noko uferdig og ope, granskande og spørjande - samtalande skrift.
978-82-521-9584-2 : Nkr 349.00
0775529
Bestill       Husk denne

(beta)Bli den første til å skrive anmeldelse

NrAvdelingBindPlasseringNoteStatusHylle
1Sølvberget, 3. etasje FagbøkerPå hylla 439.82 SØB
I dette langessayet liknar Morten Søberg det nynorske skriftspråket til essayforma sjølve; som noko utprøvande, noko som er forma av samtalar, historier, munnhell, reiser og politikk. Dette synes i sjølve nynorskens tilverknadshistorie, gjennom Ivar Aasens reiser i Noreg. Gjennom reiser til mellom anna Vinje i Telemark og dei engelske Hebridene, freistar Søberg å nærme seg nynorskens vassmerke og eigenart, der klare subjektsformer og ei dialogisk utveksling mellom samtale og skrift utgjer sentrale kvalitetar. Den gjennomgåande lysmetaforen i essayet, peikar på nynorsken som ein form for pågåande refleksjon og språkleg opplysning. Omtalen er utarbeidd av BS.

Ekofisk, Eidsvoll : eit essay om oljepengar og grunnlova


av Morten Søberg
Bok utgitt 2017
Ledig (Avd.: Sølvberget, 3. etasje 336.1 SØB)
Bestill Husk denne

Nynorskens lys : eit essay


av Morten Søberg
Bok utgitt 2018
Ledig (Avd.: Sølvberget, 3. etasje - Plassering: Fagbøker 439.82 SØB)
Bestill Husk denne

Sverdrups ekko : parlamentariske undersøkingar : essay


av Morten Søberg
Bok utgitt 2010
Ledig (Avd.: Sølvberget, Magasin U2 321.8043 SØB)
Bestill Husk denne
Vis alltid denne fanen

Bibliotekarenes bokanmeldelser - fra anbefalinger.deichman.no

Vis alltid denne fanen
  • Tips en venn om Nynorskens lys : eit essay
  • Del på Facebook
  • Vis Facebooks Liker-knapp
  • Del på Twitter
  • Vis QR-kode med lenke for mobil
  • Foreslå innkjøp
  • Annen visning

Huskeliste

Lista er tom