Oljefondet er verdas største fond. Men kan oljeformuen vår tryggjast til evig tid? Handlingsregelen er meint for å sikre nettopp dette, men den noverande regjeringa sin pengebruk kan føre til at fondet er tomt i løpet av nokre tiår, skriv Morten Søberg. I boka tek han utgangspunkt i 1969, då Ekofisk-feltet blei funne og den norske økonomien blei endra radikalt. Same år blei forfattaren sjølv fødd. Han reflekterer over korleis hans eiga historie er samanbunden med historia om Oljefondet. Han oppsøker gamle arkiv for å finne ut kva statsmenn tidlegare har tenkt om grunnlov, statsfinansar og handlingsreglar. Han reiser til Karibia, Tyskland og USA. Og undervegs rekonstruerer han si eiga slektshistorie, fortellinga om ein tysk kjøpmann som endar opp med å gi lån til den svenske staten - ein formue som til slutt går tapt. Morten Søberg er samfunnsøkonom og tidlegare statssekretær i Finansdepartementet. Omtalen er utarbeidd av BS.