Forlaget skriver om denne boka:
I 1975 var det fullt kaos i Angola. Alle utlendingar som kunne, flykta, desperate etter å forlata den omringa kolonien. Ryszard Kapuscinski, derimot, gjorde det motsette. Han reiste til Luanda, hovudstaden i Angola.
Angola hadde vore eit lovande land for generasjonar av fattige portugisarar, men etter at det fascistiske diktaturet i Portugal braut saman i 1974, trekte landet seg ut. Den plutselege fridomen førte Angola inn i ein katastrofal borgarkrig. Kapuscinski skildrar stemninga, herjinga og frykta i Luanda, han tek oss med til område der feil passord er det same som ein sikker død, han vurderer dei ulike angolanske fløyene sin kamp mot kvarande - og den valdelege brutaliteten i eit land som går splitta inn i ein nyvunnen fridom.